Nytt namn

NåOpp
NåOpp
Publisert: 25/08/2020

Opplæringskontoret i Haram med nytt namn og logo.

Del gjerne:

Opplæringskontoret i Haram har no skifta namn til Nordre Ålesund Opplæringskontor. Mange av våre medlemsbedrifter held til i nordre delar av Ålesund kommune, og det nye namnet skal i større grad enn det gamle vise kvar vi høyrer til geografisk. I samband med nytt namn har vi også fått ny logo utvikla i samarbeid med Hatlehol AS. 

Det har blitt litt endringar i kontaktinformasjonen vår. 

Dagleg leiar: Marit Håhjem Volstad,  907 97 267. marit.volstad@naaopp.no 

Opplæringskonsulent: Bjørn-Ove Aaland,  955 57 368. bjorn@naaopp.no

Nettsida vår har også fått nytt namn, www.naaopp.no 

Sjølv om kontoret no har fått nytt namn vil innhaldet og oppgåvene våre vere uendra. Vi ser fram mot ein kjekk haust med over 40 nye lærlingar i 10 ulike fag. Vi gjennomfører for tida oppstartsmøter i bedriftene der vi presenterer oss for lærlingane, og gir dei ei orientering om rettar og plikter som lærling. På grunn av den pågåande pandemien vart det ikkje felles lærlingsamling i år, men vi tek altså orienteringa i dei ulke bedriftene i staden. Vi satsar på å køyre kurs og andre samlingar som vanleg ut over hausten.

Om nokon fortsatt ikkje har fått læreplass har vi fortsatt nokre ledige plassar i nokre fag. Ta gjerne kontakt om du ikkje har fått læreplass.

Om di bedrift vil bli medlem i Nordre Ålesund Opplæringskontor er det også berre å ta kontakt med oss på Opplæringskontoret.