Stimuleringstilskot til lærebedrifter

.
.
Publisert: 01/09/2020

Tar bedrifta di inn ein lærling, kan du no søke om tilskot

Del gjerne:

For å hindre at ungdommar står utan læreplass, kan bedrifter i fylket no søke om ekstra tilskot dersom dei tar inn lærling.

Utbrotet av koronaviruset har ført til at lærlingar har blitt permitterte, og at ikkje alle har fått seg læreplass. Møre og Romsdal fylkeskommune har fått 9,6 mill. kr som skal bidra til å avhjelpe situasjonen.  

Tilskotet skal mellom anna gå til bedrifter som blir godkjent som lærebedrift og tar inn lærling, lærebedrifter som aukar inntaket av lærlingar og lærebedrifter som overtar ein lærling frå ein permitteringssituasjon. Midlane gjeld i hovudsak for hausten 2020, og blir tildelt løpande.

Les meir på mrfylke.no