Industrisnikkarfaget
Industrisnikkarfaget

Industrisnikkarfaget

Sist oppdatert: 19/09/2019

Industrisnikkaren produserer møblar og innreiingar. Som industrisnikkar er du med på heile prosessen, frå råvare til ferdigstilling av eit produkt.

Aktuelle arbeidsplassar

Ein industrisnikkar kan få arbeid i møbel- og innreiingsindustrien. Mange arbeider i ulike bedrifter som produserer trapper, møblar og diverse innredningar, men det er også ein del som startar for seg sjølv og driver eige firma.

Sentrale arbeidsoppgåver

Ein industrisnikkar arbeider med maskiner og eventuelt serieproduksjon i industrien.Som industrisnikkar lagar du komponentar og delar til ferdige produkt ved hjelp av maskiner. Industrisnikkarar jobbar ofte ved hjelp av CNC-styrte maskiner (datastyrte maskiner) som krev god innsikt i maskinstyring og vedlikehald. 

Sentrale arbeidsområder er: 

  • industriell produksjon av møblar og innreiingar
  • maskinell framstilling av element til møblar og innreiingar
  • samanføying og ferdiggjering av produkt
  • drift og overvaking av produksjonsmaskiner og utstyr, prøvetaking, feilsøking og feilretting
  • førstelinjereparasjon og vedlikehald av maskiner og utstyr


Personlege eigenskapar

Ein industrisnikkar skal kunne arbeide planmessig, ansvarsbevisst, effektivt og rasjonelt, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha godt handlag, teknisk innsikt og praktisk og estetisk sans.

Utdanningsveg

1. Vg1Teknikk og industriell produksjon. Vg1 Design og handverk- Vg1 og Bygg- og anleggsteknikk

2. Vg2 Industriell møbelproduksjon

3. Vg3 Opplæring i bedrift i to år. Fagbrev etter bestått fagprøve

Våre medlemsbedrifter

EikTrapp AS

Haram Industrier AS