Opplæringskontoret i Haram

Opplæringskontoret er eit samarbeids- og serviceorgan for bedrifter som tek på seg opplæringsansvar for lærlingar.

Opplæringskontoret i Haram er eit fleirfagleg opplæringskontor og har medlemsbedrifter frå Ålesund, Giske, Vestnes, Midsund og Molde kommune. Vi teiknar lærekontrakt og følgjer opp lærlingane i bedriftene, det er likevel bedriftene som tilsett lærlingen og har arbeidsgivaransvaret. Opplæringskontoret vil bidra til å gi lærlingane gode faglege utviklingmuligheiter, og gi bedriftene kunnskapsrike og dyktige fagfolk. 

OKIH har to tilsette.

Dagleg leiar: Marit Håhjem Volstad,  907 97 267. marit@okharam.no

Opplæringskonsulent: Bjørn-Ove Aaland,  955 57 368. bjorn@okharam.no


Våre oppgåver

Opplæringskontoret i Haram tek på seg mange ulike oppgåver i samband med læretida. Vi ynskjer å bidra til at læretida vert ei lærerik og positiv tid for både lærlingar og bedrifter. Nedanfor ser du nokre av våre oppgåver. 

  • Skriv lærekontrakt og melder lærlingen opp til fagprøva
  • Er eit bindeledd mellom lærling og bedrift
  • Gjennomfører lærlingssamtalar i bedriftene
  • Legg til rette for at lærlingen får dokumentere opplæringa si på vår digitale opplæringsplattform, Olkweb. 
  • Arrangerer kurs og samlingar for lærlingar og instruktørar
  • Ser til at lærlingen får opplæring etter gjeldande læreplanar
  • Vi bistår lærlingar og bedrifter ved fare for heving av lærekontrakta
  • Informerer om fagopplæring og hjelper til med rekrutteringsarbeid
  • Arbeider for betre samarbeid mellom skule og bedrift                        


Styret

Årsmøtet er ansvarlege for å velje eit styre. Opplæringskontorets styre består i dag av seks medlemmar.

Styreleiar

Lars Kaggerud, Mørenot Aquaculture AS

Nestleiar

Greta Stensønes Rogne, Kongsberg Maritime CM AS EA C- Longva

Styremedlem

Einar Myklebust, Vard Bratvaag

Petter Sortevik, Haram kommune

Magne Runar Harnes, IP-Huse

Sunthaharalingam Ravinthrakumar, Vard Søviknes

Vararepresentant

Hilde Marit Fjærstad Fiksdal, Vard Langsten
Norunn Finnøy, Finnøy Gear og Propeller